Search

Home > NB:arrangement > Professorpolitikaren. Rune Slagstad om Anton Martin Schweigaard
Podcast: NB:arrangement
Episode:

Professorpolitikaren. Rune Slagstad om Anton Martin Schweigaard

Category: Society & Culture
Duration: 00:46:14
Publish Date: 2019-02-19 07:00:05
Description: Anton Martin Schweigaard (1808–1870) var jurist, økonom og politikar, og blir rekna som ein av dei viktigaste intellektuelle storleikane i Noreg på 1800-talet. Med avhandlinga Indførselstolden og dens Historie la han i 1836 grunnlaget for ein norsk frihandelspolitikk, og lærebøkene han skreiv, prega norsk rettsvitskap og rettspraksis lenge etter han var død. På Stortinget stod Schweigaard fremst i kampen for utbygging av jernbanar, post og telegraf, og han hadde avgjerande innverknad på utforminga av den norske handels- og toll-lovgjevinga. Rune Slagstad er sosiolog, idéhistorikar og rettsteoretikar. I dette føredraget ser han nærare på korleis den nasjonale strategen A.M. Schweigaard har prega den økonomiske og rettsvitskaplege tenkinga i Noreg. Arrangementet er ein del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar.

See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

Total Play: 0

Some more Podcasts by Nasjonalbiblioteket

200+ Episodes