Search

Home > Lagapodden > Vågan i mellomalderen
Podcast: Lagapodden
Episode:

Vågan i mellomalderen

Category: Society & Culture
Duration: 00:22:13
Publish Date: 2021-12-26 02:00:07
Description: Vågan i Lofoten låg rett vest for der Kabelvåg ligg i dag, og var den nordlegaste av dei stadene vi reknar for byar i Norge i mellomalderen. Samstundes er det den byen ein veit minst om. Vågan vart eit viktig fiskevær og også eit handelssentrum for området. Eksport av fisk herifrå til kontinentet over Bergen går i alle høve tilbake til 1100-talet. Aktiviteten var store vår- og sommartid, medan vintertid mista Vågan mykje av bypreget sitt. Dette skuldast òg at plassen ikkje var eit kyrkjeleg sentrum, som i staden låg lenger nord på Trondenes ved dagens Harstad. Nedgang i handel etter Svartedauden og påfølgjande pestar gjorde at handelen i Lofoten vart trekt sørover til Trondheim og ikkje minst Bergen, og Vågan forsvann heilt som handelssentrum i løpet av 1400-talet.

See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

Total Play: 0