Search

Home > Energi og Klima > Traktor, tarmgass og tiltak i industrien
Podcast: Energi og Klima
Episode:

Traktor, tarmgass og tiltak i industrien

Category: News & Politics
Duration: 00:32:55
Publish Date: 2025-11-07 05:00:00
Description:

Norske klimagassutslepp fell, sauer slepper ut mindre enn vi tidlegare har trudd, og norsk industri planlegg milliardar i nye klima- og energisparingstiltak.


Bakgrunnen er at SSB nyleg har lagt fram utsleppstala for 2024, og at Miljødirektoratet har godkjent industrien sine planar for kutt i utslepp og betre energibruk. Dette heng saman med at bedrifter som får CO₂-kompensasjon, heretter må bruke minst 40 prosent av støtta på slike tiltak.

Til saman planlegg norske industriverksemder å bruke rundt 30 milliardar kroner på nye klima- og energitiltak, ifølgje regjeringa.


– Det er betydeleg, men det skulle òg berre mangle. Industrien får enorme summar i CO₂-kompensasjon. Eg meiner alt burde gå til klima- og energitiltak, seier Anne Jortveit.

Episoden er òg innom Stortinget sitt nei til auka skatt på småkraftverk – og EUs nye klimamål. Kva vil det få å seie for Noreg? Og har dei som meiner at vi bør justere ned våre eigne klimaambisjonar, eit poeng?


Som alltid kårar vi vekas klimaks og antiklimaks.


Med i denne podkasten er:

  • Anne Jortveit, nestleiar i Norsk klimastiftelse
  • Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar i Norsk klimastiftelse
  • Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse

Podkasten er teken opp torsdag 6. november.


Lenke til omtalte saker og nyttig bakgrunn:



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Total Play: 0