Search

Home > BOBcast > #141: Renate Rivedal om Henri Matisse
Podcast: BOBcast
Episode:

#141: Renate Rivedal om Henri Matisse

Category: Arts
Duration: 00:45:51
Publish Date: 2019-03-19 14:46:33
Description: Henri Matisse (1869-1954), fransk malar, bilethoggar og grafikar, vert sett på som den aller fremste koloristen på 1900-talet, og vert framleis rekna som ein av dei aller største blant dei tidlige modernistane. Han arbeida i varierte uttrykksformar og med ulike materiale. Han vart kjend som den franske fauvismen sin leiar, og hadde ein vesentleg innflytelse for den europeiske modernismen sin abstraherande utvikling i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Matisse henta inspirasjon i frå asiatiske og afrikanske kunstverk og tradisjonar. Etter 2. verdskrig vart Matisse for sjuk til å male og han kunne difor ikkje stå ved staffeliet og male. Han begynte då på sine klippe-klistre-bilete, som han er blitt så kjend for, som besto av farga papir, som han klipte og komponerte til bilete. Med sine vibrerande fargar, fridom i form og linje, med sitt lys, sine mønstre, blomar og menneskekroppen, er han framleis ein inspirasjon i dag. Første del av foredragsrekka om den fabelaktige Henri Matisse, av og med Renate Rivedal.
Total Play: 0