Search

Home > BOBcast > #146: Dei norske Matisse-elevane
Podcast: BOBcast
Episode:

#146: Dei norske Matisse-elevane

Category: Arts
Duration: 00:51:42
Publish Date: 2019-04-11 10:17:03
Description: Den franske kunstnaren Henri Matisse (1869-1954) er kjend som ein av dei aller ypparste av dei tidlege modernistane. Han er kjend for sine fargesterke maleri, sine komposisjonar og hyllest av menneskekroppen. I perioden 1908 til 1911 hadde Matisse sin eigen kunstskule i Paris. Her reiste mange norske kunstnarar og kunststudentar, for å studere under Matisse. Jean Heiberg, Per Krohg, Axel Revold, Henrik Sørensen var nokon av desse. I dette foredraget høyrer vi meir om dei nye kunstretningane som møtte studentane i Paris, kva dei tok med seg heim av inspirasjon og kva retning dei tok kunstnarisk. Dette er del to av foredragsrekka om den fabelaktige Henri Matisse, av kunstformidlar Renate Rivedal.
Total Play: 0