|
Description:
|
|
** - Du er ein skam for kirka, sa kvinna og slo til presten.
No SLÅR den lesbiske presten tilbake: - Haldningane i kirka MÅ endre seg elles vil endå fleire melde seg ut, meiner ho!
**- Eg føler meg avskilta som ein gammal bil, seier Norway Cup-general Frode Kyvåg. Gir seg etter 39 år og meiner han ikkje blir lett å erstatte.
OG
** Kva skal ekteparet heite?
- Alle som ser postkassa vår skjønner at vi er ein familie, ikkje eit kollektiv, seier blogger som tok mannens navn.
- Eg vil ikkje miste min identitet, svarer feminist som behaldt sitt eige.
Velkommen til Ukeslutt her i NRK P1 og P2. Eg heiter Sara Victoria Rygg og skal følge deg gjennom den neste timen, der vi også skal innom krisa i oljeindustrien. |