|
Description:
|
|
Arrangement 7.3.2018
Då straffelova av 1902 blei skrive hadde ikkje kvinner stemmerett i Noreg. Lova blei skrive av og kanskje også for menn, noko som prega kva som blei rekna for lovbrot og storleiken på straffa. Korleis har lova endra seg i takt - eller i utakt - med samfunnet? Og på kva vis har den norske kvinnekampen medverka til å endre synet på vald knytt til kjønn og legning, og seksualisert vald?
I lys av samfunnsutviklinga frå 70-talet til i dag ser jussprofessor Ragnhild Hennum i dette føredraget nærare på straffelova med eit feministisk og historisk blikk.
ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» |